tirsdag 21. mai 2013

Det Bakhtin sier

Apropos:

All forståing av levande tale, av levande ytring har ein aktivt svarande karakter (sjølv om aktivitetsgraden kan variere mykje). All forståing er svanger med eit svar og føder alltid eit moment av den reelle, totale, aktivt svarande forståinga, som aktualiserer seg i det etterfølgjande, reelle, uttalte svaret. Dette svaret kjem sjølvsagt ikkje alltid umiddelbart etter ytringa; den aktive svarande forståinga (til dømes av kommandoar) kan realiserast umiddelbart i handling (utføringa av ein ordre eller kommando som er forstått og akseptert), eller den kan inntil vidare vera taus (enkelte talegenrar er utelukkande mynta på slik forståing, til dømes lyriske genrar). Dette er så og seie ei svarande forståing med tidsforseinking; før eller seinare finn det som er høyrt og aktivt forstått, gjenklang i lyttarens tale eller handling. Den komplekse kulturkommunikasjonens genrar er i dei fleste tilfelle mynta på ei slik aktivt svarande forståing med tidsforseinking. 
-Fra "Om talegenrane av Mikhail Bakhtin

Ingen kommentarer: