tirsdag 26. mai 2009

Håpar ikkje dei som skriv nynorsk til vanleg gremmes over dette

I går hadde eg norsk skriftleg eksamen, hovedmål. Eg skreiv ein kommentar til ein tale av Jon Fosse. Vi fikk høre så mange gonger på ungdomsskolen at "nynorsk er så lett så, bare ta dialekta di til hjelp", men det er bare tull. Ivar Aasen gadd jo ikkje ta noko særleg hensyn til dialektane her på Sørlandet. Heller ikkje på Østlandet. Eg var som alltid ikkje særleg nøytral. Eg trur ikkje eg nokonsinne har vært nøytral i ein einaste norskeksamensoppgåve. Ikkje i ein vanleg stil heller. Uansett, sjølv om eg er i mot nynorsk på skolen, likar eg jo nynorsk. Det er nesten som om ein kan skrive akkurat det ein vil, og det blir poetisk uansett. Nesten litt juks. Eg så ein gong over nokre av mine nynorskstiler, så skreiv eg dem om til bokmål for morosam skuld, og dei var ikkje like bra. Og grunnen til at eg skriv nynorsk nå er at eg skal ha eksamen i sidemål i morgon. Det er den siste eksamen eg nokon gong skal ta på vidergående skole-nivå. Endeleg får eg studiekompetanse. To år etter at eg egentleg skulle ha vore russ (ikkje for det at eg hadde gidda å være russ uansett).

Uansett, over til noko annet, eg er superglad, eg har billettar til Glasscandy på Blå neste veke, eg har vore ute i regnet, eg har sendt enda eit bilde av bussen (til Slovenia denne gongen), eg har kyssa med kjærasten min, vi har funnet ut korleis ein lagar hylleblomstsaft, og eg har gjort tusen ting, eller, selvfølgeleg har eg ikkje det, men det bare føles sånn ut, for eg har markert med gul markeringstusj over alt som står under tysdag i planleggaren min. For ein gongs skuld har eg fått gjort alt eg planla å gjere. Dét er sjeldan, det!

Nå, ønsk meg lykke til i morgon! :)

4 kommentarer:

Astri sa...

Lykke til i morgon! :o)

Vero sa...

Uff, jeg hater nynork. Både på skolen og til vanlig. Jeg pleier vanlivis å hoppe over ting som står på nynorsk, men denne gangen gjorde jeg det altså ikke. Mest sannsynlig fordi jeg skjønte at du ikke var en ekte nynorskbruker. Blogger som er på nynorsk leser jeg bare ikke uansett, så hold deg til bokmål :)

hjartesmil sa...

heia nynorsk!

Unknown sa...

Vero: Då går du klipp av mykje bra.