--
SUKKERRØYR
(i)
Stege
i sukkerrøyrkjerret med nykvesst machete,
sevje
og skit som kvae på nevane,
gomle
dei søte trevlane og spytte ut –
– verandaen
kveldsvarm, halvt synleg
det
halvfulle romglasets
velgjerande
sår;
eldfluga
når du inhalerer
en
ovstor havanna –
(ii)
Menn, morgontrøytte,
traskande til torgs med
gulgrøne
sukkerrøyrsstaurar bunta på akslene, kom
kjøp et ledd knekk, her
er sukkertøy metervare!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar