lørdag 14. april 2012

Til eit Astrup-bilete
av Olav H. Hauge

Kan henda drøymde dei um dette her
å møtast på ein klote, på ein stad
der hegg og apal stend i syreblad
og blømer slik ei dulgrøn vårnatt nær

ved fjorden? Vera saman, planta bær
og så ein innvigd åker rad for rad
med urter bak ein steingard som dei la
kring helga lundar, dei som fyre fer?

Dei er i riket sitt og sår si jord.
Og vårnatti er ljos av draum og gror.
Dei legg kje merke til at ein kjem stilt

i snjoskaret og stig på vatnet no.
Men då dei natta, såg dei månen vod
i gullserk ute der so unders mildt.

1 kommentar:

Udda sa...

Søkte på "Til eit Astrup-bilete", havna her!