1. Menneske.
2. Bøkene.
3. Naturen.
Rekkefølgja har ingenting å seie, dei tre er fullt likeverdige. Eg prøver å tenke meg at det eine festet losna, så eg hadde berre dei to andre. Det går ikkje. Tenke seg å stå utanfor det rike og vanskelege samspelet menneske imellom, eller ikkje å kunne gå til naturen etter trøst, kvile og stimulasjon, eller ikkje å ha bøkene å kunne gå inn i og komme tilbake frå med klarare blikk og rikare kjensle enn før -- i alle tilfelle ville resultatet bli en mangelsjukdom som var til å visne bort av.
- Fra essayet Kva livet har lært meg (1967) av Halldis Moren Vessas.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar